dc.description | Institutt for Atomenergi, seinare omdøypt til Institutt for Energiteknikk, vart etablert i desember 1947, som eit institutt under NTNF. Etableringa følgde knapt eit halvt år etter at eit samrøystes Storting hadde løyvd 5 millionar kroner til å byggja ein eksperimentell atomreaktor. Reaktoren, som vart bygd på Kjeller, "gjekk kritisk" hausten 1951. Denne studien analyserer årsakene til at Norge gjekk i gang med atomenergiforskning på eit tidspunkt då berre stormakter som USA, Storbritannia og Sovjetunionen hadde bygd reaktorer.
Studien ser på kva føresetnader Norge hadde m.o.t ekspertise og ressursar elles som gjorde det mogeleg å gjennomføra eit reaktorprosjekt. Studien drøftar vidare kva initiavtakarane og dei politiske styresmaktene ville oppnå med prosjektet. For det tredje gjer studien greie for den konflikten i det norske fysikarmiljøet som førte til at reaktorprosjektet vart overført frå FFI til eit eige atomforskningsinstitutt. | en_US |