På leiting etter uran: Institutt for atomenergi og internasjonalt samarbeid 1945-51
Abstract
Institutt for Atomenergis første prøvereaktor, som stod ferdig hausten 1951, var den første reaktoren i verda som ikkje var bygd av ei stormakt. Reaktoren som var i bruk på Kjeller heilt til på 1960-talet, var forløparen til Haldenreaktoren. Denne studien tar for seg IFAs tilhøve til utlandet under reaktorprosjektet. Den ser på kva nytte nordmennene hadde av utenlandsrelasjonane, og analyserer IFAs forhold til kvart einskilt samarbeidsland. Studien fokuserer spesielt på det val av samarbeidspartner som IFA stod overfor i 1950, då instituttet vart nøydt til å inngå eit formelt samarbeid med eit utanlandsk forskningsinstitutt for å skaffa uran til fullføringa av reaktoren på Kjeller.