Sjøforsvaret mot 2040. Eit forslag til framtidig styrkestruktur for Sjøforsvaret
Abstract
Denne rapporten sitt føremål er å presentere eit konkret framtidig strukturforslag for Sjøforsvaret. Forslaget er basert på omfattande studiar av geografi, militærteori, strategi, operasjonskunst, trugselaktørar (sjå Sjømakt 2040 Rapport 1/19), allierte og tryggingspolitikk. Grunntanken har vore å kome opp med ei løysing som vil kunne løyse alle Sjøforsvaret sine viktigaste strategiske og operasjonelle roller, men med eit moderat kostnadsbilete. Dessutan er strukturskissa utarbeida for å gi Sjøforsvaret ein struktur som har høg grad av tilpassingsevne og fleksibilitet, og fokuserer på det fellesoperative framfor sjødomenet aleine. I samandrag, og utan utdjuping, er Prosjekt Sjømakt si skisse til framtidig struktur for Sjøforsvaret følgjande:
• Autonome sensorar og sambandsrele bør innførast i stort omfang.
• 4 havgåande fregattar med områdekapasitet innan anti-ubåt og anti-overflate, samt lokal anti-luft kapasitet.
• 6-8 korvettar med lokal anti-ubåt og anti-luft kapasitet, samt område anti-overflate kapasitet.
• 6 mineryddingsfartøy, kombinasjon av tradisjonelle minesveip og minejaktfartøy. Alle bør kunne føre og støtte autonome system.
• 3 landbaserte autonome kapasitetar i følgjande tre områder: Haakonsvern/Bergen, Trøndelag og Ofoten/Vestfjorden.
• 12 (små) kanonbåtar med evne til å engasjere og nedkjempe eit kvart overflatefartøy i kystsona, samt avgrensa kapasitet til indirekte eldstøtte til landmakta.
• Re-etablering av 3. bataljon (amfibisk kapasitet i hæren), støtta av 6 fartøy med kapasitet til å løfte eit stridskompani inklusive lette pansra køyretøy.
• KJK bør vidareførast i parallell med ei amfibisk satsing, då primært som ISTAR kapasitet for kystsona.
• 6 ubåtar med mineleggingskapasitet
• Sjøminer, både anti-overflate og anti-ubåt, kan med fordel inkludere mobile miner
• Eit stort logistikkfartøy, KNM Maud, for å støtte operasjonar som skal mogleggjere alliert mottak.
• 3-4 mindre fartøy for direkte støtte til MCM, korvett, kanonbåtar og amfibiske kapasitetar.
• Sikring av basestruktur
• Kystvakta bør styrkast og væpnast.