Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDegnepoll, Inge
dc.date.accessioned2018-01-17T12:12:55Z
dc.date.available2018-01-17T12:12:55Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2477951
dc.description.abstractBeredskap handlar om å førebu seg på framtida. Då er det vesentleg korleis vi ser på den framtida. Det er ikkje slik at vi kan spå kva som kjem til å skje, i alle fall ikkje i så stor grad som vi kanskje trur. Det er forskjell på å lære seg å handtere det ein trur kjem til å skje og det å skaffe seg evner som kan handtere noko som vi ikkje anar kva er. Dette siste kallar vi Det uføresette (DU). For å forklare kva som skal til for å handtere DU nyttar eg teoriar som peikar på fagkompetanse, mangfald og kreativitet som svært viktige eigenskapar. Når ein skal studere beredskapsorganisasjonar og DU kan det vere freistande å undersøke svært godt trena organisasjonar som ofte med godt resultat har handtert dramatiske hendingar. Det dei er gode på og som fungerer for dei kan då vere det ein trenger for å handtere DU. På den andre sida er har somme beredskapsorganisasjonar ikkje tid eller ressursar til å bli ekspertar. Dei må vere generalistar. Korleis skal desse då kunne handtere DU? Heimevernet (HV) er ein slik organisasjon. Opplysningar om HV tilseier òg at der kan vere meir mangfald og kreativitet enn i andre militære organisasjonar. Denne oppgåva ønskjer difor å undersøke Heimevernet si evne til å handtere DU og samanlikne med den stadig tenestegjerande delen av Forsvaret. Til det nyttar eg ein kvantitativ metode med eit eksisterande spørjeskjema som tek sikte på å avdekke status på eigenskapar som er relevante for å handtere DU. Oppgåva avdekker noko forbetringsrom for HV på fagkompetanse, men kjem òg fram med overraskande positive resultat på utdanningsnivå og personellets kompetanse i krevjande situasjonar. Oppgåva finner støtte for at der er meir mangfald og meir kreativitet i HV enn i resten av Forsvaret, men avdekker òg andre eigenskapar som bidreg positivt. Til saman kjem HV dermed ut med like god evne til å handtere uføresette hendingar som resten av Forsvaret. Oppgåva kan såleis vere til nytte for dei som ønskjer å vite meir om kva eigenskapar ein organisasjon som skal handtere DU bør ha og for dei som ønskjer å utdanne, trene og leie Heimevernet på best mogeleg måte.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherForsvarets høgskolenb_NO
dc.subjectHeimevernetnb_NO
dc.subjectberedskapnb_NO
dc.titleBeredskap på deltid : Heimevernets evne til å handtere det uføresette samanlikna med resten av Forsvaretnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber98nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel