• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Forsvarets høgskole
  • Studentarbeider
  • Masteroppgaver
  • View Item
  •   Home
  • Forsvarets høgskole
  • Studentarbeider
  • Masteroppgaver
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Air Sea Battle Concept møter Kinas ubåtar: Strategisk sjømakt i liv og lære

Nordstrand, Nils
Master thesis
Thumbnail
View/Open
NordstrandN-master2014.pdf (7.729Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/216603
Date
2014
Metadata
Show full item record
Collections
  • Masteroppgaver [508]
Abstract
Det amerikanske konseptet AirSea er mynta på å trengje gjennom ein fiendes ytre motstandsrekkjer på havet. Saman med USAs varsla dreiing av det strategiske fokuset mot Asia–Stillehavsregionen gjer det at mange forskarar og kommentatorar trekkjer fram Iran og Kina som dei potensielle fiendane som konseptet er mynta på. Den stadige fornyinga og utviklinga av kampsystem hos det kinesiske folkets frigjeringsarmé gjer at Kina vil vere den mest krevjande fienden å bruke AirSea mot. Det er lite opne kjelder som analyserer om AirSea vil kunne lykkast i ein stridssituasjon med Kina. Denne oppgåva drøftar difor om kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda. Drøftinga blir gjord med utgangspunkt i eit teoretisk grunnlag frå utvalde strategiske sjømaktsmeistrar som Mahan, Castex og sjømaktslæra Jeune École. På dette grunnlaget drøftar oppgåva det amerikanske konseptet, slik det kan utleiast med Boyds handlingssløyfe, dei tilgjengelege ressursane og kjenneteikna på den kinesiske ubåtflåten. Det er særleg fire faktorar som peikar seg ut for å avgjere om kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda: nasjonanes vilje til å gå til krig mot kvarandre, den amerikanske marinens kapasitet til å verje the Capital Ships, strategisk avskrekking og faren for ein kjernefysisk krig, og korleis den kinesiske ubåtoffiseren kan utnytte kampsystemet han er sett til å operere. Oppgåva konkluderer med at kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda. Det betyr at AirSea ikkje lèt seg gjennomføre mot Kina i dei nære kinesiske havområda. Finansieringa av den amerikanske sjømakta må i så fall anten aukast eller ein må utvikle nye konsept dersom det skal vere gjennomførbart å gå til strid mot Kina i desse områda. Ei slik styrkeoppbygging vil likne på utviklinga i Europa i åra før den første verdskrigen. Oppgåva avsluttar med ein epilog om ubåtens framtidige relevans generelt og kva betyding det kan ha for Noreg, og korleis norske antiubåtkapasitetar kan vere aktuelle ved bruk av AirSea i Stillehavs-teateret.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit