Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvensson, Kurt
dc.date.accessioned2013-07-05T09:54:09Z
dc.date.available2013-07-05T09:54:09Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/100112
dc.description.abstractFøremålet med studien var å undersøkja i kva grad opptaksprøvane til Luftforsvarets Flygeskole (LFS) hadde prediktiv validitet for seinare flygarprestasjonar. Resultata oppnådd på desse prøvane vart korrelerte med utdanningsresultata for dei som gjennomførte jagarflygarutdanninga ved ENJJPT mellom 1989 – 2004 (N = 175). Prediktorane var generell intelligens, teknisk innsikt og spatiale evner, psykomotoriske evner og simultankapasitet samt overføring/retningsevne. Desse prediktorane var avgjerande for om ein kandidat vart teke opp som flyaspirant ved LFS eller ikkje. Prestasjonskriteria var teorieksamensresultat, resultat frå dagleg flyging og eksamensflyging på T-37 og T-38. Desse prestasjonskriteria var avgjerande for det samla utdanningsresultatet og rangeringa i klassen. Seleksjonstestane Figurmønster, Sortering, Retningsreversaller og Spegltesten viste prediktiv validitet for flygarprestasjonar under dagleg flyging. Testgruppene Teknisk innsikt/romopplevelse og Simultankapasitet (psykomotoriske evner) hadde òg prediktiv validitet for dagleg flyging. I denne studien hadde ingen prediktorar prediktiv validitet for flygarprestasjonar under eksamensflyging. Prediktoren Alminnelig evnenivå (AE) hadde prediktiv validitet for teoriresultat og prestasjonar under dagleg flyging med T-38. Desse funna stemmer i hovudsak overeins med resultat frå tidlegare forsking på militær flygarseleksjon, men nokre avvik er diskutert. Manglande samanheng mellom prediktorane og eksamensflyginga kan skuldast fleire tilhøve. Karaktersystemet var lagt opp på ein måte som kunne påverka reliabilieten til kriteriet negativt. Eit slikt karaktersystem krev spesielt god standardisering mellom dei som vurderar elevprestasjonane. Mellommenneskelege faktorar mellom elev og evaluator kan òg ha spela inn og påverka resultata slik at vurderingane vart utført på ein mindre objektiv og usystematisk måte. Eksamensresultata viser i tillegg liten variasjon, noko som kan bidra til manglande korrelasjon. Eksamensresultat og rangering ved ENJJPT var dessutan mindre viktig for norske elevar, då dei var innforstått med at det var opplæring på jagarfly som venta berre ein fullførte, medan medelevar som presterte svakt ikkje ville få tilbod om det. Dette kan, i samspel med dei andre faktorane, moglegvis ha påverka både elev og evaluator sin strategi for korleis ein skulle handtera ei slik evaluering. I tillegg var deltakarane i studien strengt selektert. Fenomenet knytt til Restriction of Range har difor avgrensa korrelasjonane. Utover dette avdekka studien at 99 % av kandidatane som fekk tilbod om jagarflygarutdanning, etter å ha bestått opptaksprøvane og LFS seleksjonsflyging, gjennomførte ENJJPT og fekk flygarvingno_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSeleksjonno_NO
dc.subjectLuftforsvaretno_NO
dc.titleFlygarseleksjon i Forsvaret: ein studie av seleksjonssystemet sin prediktive validitetno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber85no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel