Show simple item record

dc.contributor.authorSætre, Åge Gjengedal
dc.date.accessioned2021-08-16T11:04:34Z
dc.date.available2021-08-16T11:04:34Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2767977
dc.description.abstractI Forsvaret er man alltid våre ute etter å optimalisere egen sektor, for å kunne maksimere effekten med minst mogleg ressursar. Det har derfor blitt satt eit stort fokus på effektivisering, slik man kan oppretthalde nødvendig forsvarsevne, i ei tid med stigande kostnadar. Derfor bad Forsvarsdepartementet McKinsey & Company om å identifisere tiltak som kan frigjere ressursar som så kan omdisponerast til å styrke den operative evna. McKinseyrapporten peikte på mange punkt, og eitt av desse var ein ineffektiv vedlikehaldssektor. Den anslår at det er mogleg å effektivitetsforbetre vedlikehaldet i Forsvaret med 30%. Eit av tiltaka er å auke skrutid, som er 42% under beste praksis i det sivile. Skrutid viser til andelen av ein arbeidsdag til ein mekanikar som blir brukt til verdiskapande aktivitetar. Som eit svar på dette starta Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) med øvelsen Powerful Maintenance (PM), som skal kraftsamle skrutid for å ta igjen vedlikehaldsetterslep. I denne oppgåva har eg tatt for meg kor vidt Powerful Maintenance har svart på det McKinseyrapporten anbefalte som tiltak for å effektivisere vedlikehaldssektoren i Forsvaret. Dette gjorde eg gjennom eit isolert eksempel av Powerful Maintenance; opprepareringa av Vertslandsstøttebataljonen (VBN) i forkant av Trident Juncture 18 (TJRE 18). På grunn av kor isolert denne materiellparken er frå dagleg drift, kan vi sjå Powerful Maintenance i optimale rammer. Eg delte problemstillinga i to, der eg såg om ein har klart å auke skrutid på mekanikarane under kraftsamlinga, samt kva det kostar samanlikna med dagleg drift. Dette gjorde eg gjennom ein kvalitativ undersøking med fokus på det individuelle opne intervjuet med primærkjelder, eg supplerte dette med ein dokumentundersøking på rådataen for å kunne talfeste funna. I dette isolerte scenarioet, med informasjonen eg blei tildelt kan ein optimalt forvente ei auke på 28 prosentpoeng, eller 117% i skrutid gjennom Powerful Maintenance sett opp i mot McKinseyrapporten sitt funn. Ein omfordeling av ledetid i forsyningskjeda til vedlikehaldet gjer at det er mogleg å fjerne ikkje-verdiskapande arbeid. Dette vil føre til ei auke på 33% i kostnadar. Kostnadane kjem av at kraftsamlinga tek med seg administrasjonskostnadar frå sentral planlegging, uoversiktleg kostnadsbilete og at det blir gjennom ført som ein øvelse. Eg konkluderer med at Powerful Maintenance til dels svarer på det McKinseyrapporten etterspurde. Det reelle problemet er mangelfulle delelager som skaper ineffektivt vedlikehald og senker den operative tilgjengelegheita på Forsvarets beredskapsmateriell.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherFHS, Sjøkrigsskolenen_US
dc.titleHar Powerful Maintenance svart på tiltaka McKinseyrapporten foreslo for vedlikehaldssektoren i Forsvaret? Eit eksplorerande studieen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber43 s.en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record