Show simple item record

dc.contributor.editorEspevik, Roar
dc.contributor.editorStrømmen, Tor Ivar
dc.date.accessioned2017-09-22T12:40:16Z
dc.date.available2017-09-22T12:40:16Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn9788293550112
dc.identifier.isbn9788293550105
dc.identifier.issn2464-353X
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2456308
dc.description.abstractDenne utgåva av Necesse inneheld ei rekkje artiklar med svært ulike tema. Bredda i disiplinar og tema er både eit medvite val og eit direkte resultat av kven Sjøkrigsskulen skal utdanne og utvikle, samt til kva. Marineoffiserar er praktisk utdanna menneske som ved hjelp av si utdanning, skal løyse både enkle og komplekse oppgåver i eit svært breitt og tverrfagleg spekter. Oppgåver som ofte vil vere unike og som dimed ikkje kan handterast gjennom ein regel eller prosedyre. Ein må kunne handtere utfordringar på grunnlag av fagleg skjønn. Med di Sjømaktsavdelinga førestår mykje av profesjonsutdanninga ved Sjøkrigsskulen, og då denne er tverrfagleg, så reflekterer også kompetansesamansetninga og den akademiske bredda i artiklane det same. Sjøkrigskulen skal utvikle og utdanne offiserar som kan utøve godt taktisk, mellommenneskeleg, moralsk og strategisk skjønn i ei stode prega av det ukjente. I første lut av denne utgåva finn ein to artiklar som ser på det strategiske bilete vår sjømakt eksisterer i og for. I artikkelen Ein strategi på leirføter set eg eit kritisk søkelys på Langtidsplanen for forsvarssektoren og spesielt på dei bakanforliggande strategiske dogma som denne kviler på. Den andre artikkelen i denne luten er skriven av Ståle Ulriksen og synleggjer den omfattande opprustinga og fornyinga me ser i den russiske militærmakta og då særleg innan deira sjømakt, samt potensielle konsekvensar for Noreg. Andre lut av utgåva tek før seg to ulike aspekt ved utviklinga av offiserar som kan utøve oppdragsbasert leiarskap. Orlogskaptein Tommy Krabberød har retta eit kritisk ljos mot Boyd sine teoriar og syner korleis desse står seg som eit framifrå teoretisk utgangspunkt til tross for den omfattande kritikken som har blitt retta mot Boyd frå sume akademiske miljø. Vidare presenterer førstelektor Løhre og OK Krabberød ein fagartikkel om korleis me faktisk kan utvikle offiserar som kan fungere innanfor og nyttegjere seg av Boyd sine teoriar. Tredje luten presenterer ei rekke ulike aspekt ved språkutdanninga ved Sjøkrigsskulen spesielt og i Forsvaret spesielt. Førstelektor Løhre presenterer ein av Sjøkrigsskulen sine innovative metodar for praktisk språkutdanning tilpassa profesjonen kadettane skal inn i. Dernest har våre tre språklærarar i fellesskap skrive språkutdanninga ved Sjøkrigsskulen si historie i korte trekk. Til slutt gir høgskulelektor Skilleås oss eit innblikk i kva STANAG 6001 er, samt kvifor og korleis me driv med språktesting i Forsvaret i samsvar med denne. Samla gir desse sju artiklane eit godt innblikk i sume aspekt ved vår omfattande faglege og akademisk tverrfaglege verksemd. I tillegg så representerer kvar einskild artikkel i seg sjølv eit vesentleg fagleg påfyll for interesserte lesar i og utanfor Sjøforsvaret.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectSjømaktnb_NO
dc.subjectStrateginb_NO
dc.subjectUtdanningnb_NO
dc.subjectOffisersutdanningnb_NO
dc.subjectSpråknb_NO
dc.titleSjømakt og sjømilitær utdanningnb_NO
dc.typeBook
dc.rights.holderSjøkrigsskolennb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber89nb_NO
dc.source.volume2nb_NO
dc.source.journalNecessenb_NO
dc.source.issue2nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record