Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrømmen, Tor Ivar
dc.date.accessioned2016-09-12T08:49:27Z
dc.date.available2016-09-12T08:49:27Z
dc.date.issued2016-05-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2406096
dc.description.abstractUtan kjennskap til sjømaktene sine strategiske føremål og føresetnader, så vil ei framstilling av sjøkrigshistoria vere overflatisk, tilbakeskodane og utan fullverdig eller truverdig forklaringsverdi. Ein har då berre ei kronologisk og narrativ historie basert på hendingar. Altså ei historie basert på kortvarige og sporadiske manifestasjonar av dei underliggande strategiske strukturar styrt av dei geografiske røyndomar menneskja og statane eksisterer og verkar i. Ei slik historie kan ikkje forklare kvifor ein hadde sjømakt, korleis den var bygd opp og til kva føremål, og heller ikkje korleis den påverka røyndomen den eksisterte i. Det historiske medvitet om Austersjøregionen som eit operasjonsområde dominert av det maritime er dårleg utvikla. Krigs og militærhistorie, som omhandlar regionen i tidleg moderne tid, tenderer til å vere splitta i ei studiar av landkrig eller sjøkrig, medan heilskapen, dei militære operasjonane og deira strategiske og geografiske føresetnadar, manglar. Dette har hindra oss frå å utvikle ei forståing av at krig i Austersjøregionen i høg grad vart styrt av regionen sin maritime karakter og at den aktør som faktisk etablerte kontroll med og utnytta dei maritime kommunikasjonane best, vanlegvis også var den som kom sigrande ut av krigane. Mi målsetjing med denne oppgåva er difor å klårgjere dei strategiske føremåla og føresetnadane for dei skandinaviske sjømaktene, altså rasjonale bak sjømakta. Eg har nytta sjømaktsteori og ei geostrategisk vinkling for å identifisera dei mest vesentlege faktorane, strukturane og utviklingstrekka. Framstillinga er delt opp i analyser av geografi, politisk- strategisk historie, styrkestrukturar og bruk av sjømakt. Gjennom ei slik tilnærming meiner eg å ha lagt eit betre grunnlag for ei retteleg forståing av sjømakta si påverknad og rolle i Skandinavia si politiske historie i tidleg moderne tid.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Bergennb_NO
dc.subjectSjømaktnb_NO
dc.subjectSjøkrignb_NO
dc.subjectDanmark-Norgenb_NO
dc.subjectMilitærgeografinb_NO
dc.subjectSjømaktsteorinb_NO
dc.subjectGeostrateginb_NO
dc.subjectOrlogsskipnb_NO
dc.subjectKrigshistorienb_NO
dc.subjectMaktpolitikknb_NO
dc.subjectØstersjøennb_NO
dc.titleEi historisk-strategisk analyse av skandinavisk sjømakt, 1522-1814nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.rights.holderForfatterennb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::History: 070::Recent history (before 1800): 082nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel