Show simple item record

dc.contributor.authorNordstrand, Nils
dc.date.accessioned2014-08-01T12:26:48Z
dc.date.available2014-08-01T12:26:48Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/216603
dc.description.abstractDet amerikanske konseptet AirSea er mynta på å trengje gjennom ein fiendes ytre motstandsrekkjer på havet. Saman med USAs varsla dreiing av det strategiske fokuset mot Asia–Stillehavsregionen gjer det at mange forskarar og kommentatorar trekkjer fram Iran og Kina som dei potensielle fiendane som konseptet er mynta på. Den stadige fornyinga og utviklinga av kampsystem hos det kinesiske folkets frigjeringsarmé gjer at Kina vil vere den mest krevjande fienden å bruke AirSea mot. Det er lite opne kjelder som analyserer om AirSea vil kunne lykkast i ein stridssituasjon med Kina. Denne oppgåva drøftar difor om kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda. Drøftinga blir gjord med utgangspunkt i eit teoretisk grunnlag frå utvalde strategiske sjømaktsmeistrar som Mahan, Castex og sjømaktslæra Jeune École. På dette grunnlaget drøftar oppgåva det amerikanske konseptet, slik det kan utleiast med Boyds handlingssløyfe, dei tilgjengelege ressursane og kjenneteikna på den kinesiske ubåtflåten. Det er særleg fire faktorar som peikar seg ut for å avgjere om kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda: nasjonanes vilje til å gå til krig mot kvarandre, den amerikanske marinens kapasitet til å verje the Capital Ships, strategisk avskrekking og faren for ein kjernefysisk krig, og korleis den kinesiske ubåtoffiseren kan utnytte kampsystemet han er sett til å operere. Oppgåva konkluderer med at kinesiske ubåtoperasjonar kan hindre AirSea og dermed nekte USA operasjonell tilgang til dei nære kinesiske havområda. Det betyr at AirSea ikkje lèt seg gjennomføre mot Kina i dei nære kinesiske havområda. Finansieringa av den amerikanske sjømakta må i så fall anten aukast eller ein må utvikle nye konsept dersom det skal vere gjennomførbart å gå til strid mot Kina i desse områda. Ei slik styrkeoppbygging vil likne på utviklinga i Europa i åra før den første verdskrigen. Oppgåva avsluttar med ein epilog om ubåtens framtidige relevans generelt og kva betyding det kan ha for Noreg, og korleis norske antiubåtkapasitetar kan vere aktuelle ved bruk av AirSea i Stillehavs-teateret.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectsjømaktnb_NO
dc.subjectsjøforsvaretnb_NO
dc.subjectAirSeanb_NO
dc.subjectubåtoperasjonernb_NO
dc.titleAir Sea Battle Concept møter Kinas ubåtar: Strategisk sjømakt i liv og lærenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber91nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record