"For fred og vennskap mellom folkene": sambandet Norge - Sovjetunionen 1945-70
Others
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/99373Utgivelsesdato
2000Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Forsvarsstudier [123]
Beskrivelse
Sambandet Norge-Sovjetunionen var eit kontroversielt og omstridd innslag i norsk politikk og samfunnsliv under den kalde krigen. Politiets overvåkingstjeneste (POT) og norske styresmakter knytte organisasjonen tett opp mot sovjetisk etterretningstjeneste og rekna han for å vere eit instrument for sovjetisk utanrikspolitikk. Sambandet sjølv hevda at målet med arbeidet var å betre forholdet mellom det norske og det sovjetiske folket gjennom informasjon, kulturell utveksling og direkte kontakt. «For fred og vennskap mellom folkene» var eitt av slagorda til organisasjonen. Denne studien gir eit innblikk i aktiviteten og utviklinga til Sambandet i perioden frå 1945 og fram til slutten av sekstitalet, Studien undersøker også grunnlaget for POT og norske styresmakter sitt trusselbilete av Sambandet.